Hopp til innhold

Held fram samtale med prest

Fungerande biskop Olav Gading vil ikkje seie kva som kom ut av møtet med ein vikarprest i dag. Vikarpresten vil ikkje samarbeide med kvinnelege kollegaer, og blei tatt ut av teneste sist veke. På møtet i dag skulle dei drøfte situasjonen framover. Gading seier til NRK at dei er samde om å halde fram samtalen, men svarar ikkje på om vikarpresten no går tilbake til arbeidet sitt. Vikarpresten vil heller ikkje kommentere saka.