Hopp til innhold

– Må vise handlekraft

– Politikarane må vise vilje og handlekraft om ein skal stanse nedgangen i landbruket, seier dagleg leier i Agra Analyse, Christian Anton Smedshaug. For 20 år sidan var det 20 000 mjølkebønder i Noreg, no er det kring sju tusen igjen, og nedgangen held fram. På ein KLP-konferanse i Ålesund sa Smedshaug at nedgangen er større i Møre og Romsdal og på Vestlandet enn på Austlandet.

Christian Anton Smedshaug
Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK