Hopp til innhold

Betalte tilbake koronatilskot

Popartisten Sigrid Solbakk Raabe frå Ålesund har betalt tilbake 3.25 millionar kroner, som ho fekk som kompensasjon for avlyste konsertar i 2020, skriv VG.

– Vi søkte på støtteordninga på eit tidspunkt der det var stor usikkerheit rundt korleis 2020 kom til å gå. Då vi såg at vi likevel ville gå med overskot i 2020 valde vi å betale støttebeløpet tilbake, skriv Håkon Raabe, far til Sigrid og styreleiar i Sala Music, i ein e-post til avisa.

Sigrid vant i kategorien Popartist
Foto: Gonzales Photo/Tord Litleskare