Hopp til innhold

Forklarte om vald og eld

Også eitt av dei andre barna har forklart for politiet om at foreldra var valdelege og brente dei med open eld. Dette avhøyret blei gjort då barnet var seks år gamal, og blei spelt av for retten i dag. Retten skal dei neste dagane ta stilling til politiet sin påstand om at foreldra og bestefaren har utsett ein syskenflokk på tre for mishandling og grove overgrep. Det yngste barnet var berre eitt år då syskenflokken blei plassert i fosterheim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL