Hopp til innhold

Rekordar for Ekornes

Pilene for møbelkonsernet Ekornes i Sykkylven når stadig nye høgder. Driftsresultatet til konsernet var på 132 millionar kroner andre kvartal i år. Det er ein auke på 76 prosent i forhold til same tid i fjor. Konsernsjef Roger Lunde seier i ei pressemelding at dei framleis opplever ekstrem etterspørsel, og særleg får USA og Tyskland. Han seier salet er rekordhøgt, og sjølv om kapasiteten i produksjonen har auke med 40 prosent, klarer dei ikkje å redusere ordrereserven på 1, 2 milliardar kroner. Ekornes er særleg kjend for Stressless-møblane sine, og har rundt 1100 tilsette i Sykkylven og Hornindal.

Saumoperatør Hallgerd Aure ved Ekornes i Sykkylven
Foto: Ivar Eidheim / NRK