Hopp til innhold

Forseinkingar ved Katthammaren

Den omkomne tyske basehopparen i fjellet Katthammaren i Eikesdalen er enno ikkje henta ned av fjellet. Redningshelikopteret skulle etter planen hente kvinna i 50-åra ut midt på dag, men måtte ut på eit anna oppdrag. Operasjonsleiar hos politiet Arild Reite seier det blir gjort nytt forsøk seinare i ettermiddag. Det var i går kveld det blei klart at ein basehoppar hadde forulukka i Katthammaren. Det har vore fleire dødsulukker i samband med basehopping frå fjellet.