Hopp til innhold

Båtførar med for høg promille

Politiet avslutta ein fest i ein park i Molde i 01.30-tida, etter høg musikk og bråk frå staden. Like etter var det slåsting i Molde sentrum, og ein mann i 20-åra blei tatt hand om av helse, medan politiet opprettar sak. I 03-tida blei festdeltakarar i ein bustad pålagde å vere rolege resten av natta. I Molde blei dessutan ein båtførar pågripen natt til torsdag, mistenkt for å ha for høg promille medan han køyrde båten.