Hopp til innhold

Nordøyvegen opnar 27. august 2022

Det blir offisiell opning av Nordøyvegen laurdag 27. august 2022. Men sidan Fjørtoftfjordtunnelen blir ferdig først av dei to siste tunnelane, opnar vegen mellom Fjørtofta og Harøya for trafikk allereie 16. juni neste år. Nordøyvegen mellom Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy og fastlandet blir som planlagt opna laurdag 18. desember 2021. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

– Vi ønskjer at innbyggarane og næringslivet skal få nytte av Nordøyvegen etter kvart som vegen blir ferdig. Mange har venta lenge på dette prosjektet, og vi har heile tida jobba med eit mål om å gjennomføre mest mogleg effektivt. Difor er vi veldig glade for at vi saman med Skanska har fått til å organisere arbeidet slik at vi kan opne delar på denne måten og avslutte med ei stor offisiell opning i august neste år, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Marianne Nærø, prosjektleder Fv. 659 Nordøyvegen hos Møre og Romsdal fylkeskommune
Foto: Hans-Olav Landsverk

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL