Hopp til innhold

Trur på heilårsveg innan åtte år

Ein heilårsveg mellom Geiranger og Austlandet kan ikkje bli bygd som eit reint fylkesvegprosjekt. Det seier ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp). Dette er ein fylkesveg, men Tryggestad meiner Staten må bidra for å finne ei løysing. Nasjonal transportplan blei vedtatt i Stortinget i går med forventa byggestart for Strynefjellsvegen med arm til Geiranger i den første seksårs perioden. Vegen til Geiranger må bli ein del av ein totalpakke slik at bygginga av heilårsvegen til Geiranger blir stat i gang parallelt med at Strynefjellsvegen blir bygd, meiner Tryggestad. Han trur heilsårvegen vil vere på plass innan åtte år.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad
Foto: Frode Berg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL