Hopp til innhold

Geirangerfjorden treng meir pengar

Fylkeskommunen kjem til å be regjeringa bidra med meir pengar til å omstille trafikken på Geirangerfjorden til utsleppsfri ferdsel. Stortinget har bestemt at all ferdsel på Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri frå 2026. Det vil krevje store investeringar i lokal infrastruktur og langt større enn vår region kan klare åleine, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen. Difor ber Møre og Romsdal fylkeskommune-saman med verdsarv- kommunane og næringslivet, regjeringa stille med ekstraordinære omstillingsmiddel.


Tre cruiseskip i Geirangerfjorden
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK