Hopp til innhold

Skipsdåp i Ulsteinvik

Måndag arrangerte rederiet Island Offshore skipsdåp på kommunekaia i Ulsteinvik sentrum i dag. Fartøyet Island Discoverer vart bestilt alt i 2014 og skulle ha vore levert for mange år sidan. På grunn av oljekrisa og seinare pandemien har dette vorte forseinka. Dette var fartøy 40 som Island Offshore har fått levert frå VARD-verfta. Trass i tøffe tider meiner Håvard Ulstein i Island Offshore at det er ein viss grunn til optimisme no.

Skipsdåp i Ulsteinvik
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL