Hopp til innhold

Målpris til Gudnason

Målprisen frå Sunnmøre mållag går i år til diktar, skribent og artist Runar Gudnason frå Hovdebygda i Ørsta. Han er mellom anna kjent som frontfigur i rapgruppa Side Brok. – Prisvinnaren har på mange vis slått hol på myten om at nynorsk ikkje kan brukast utanom bygda og det lokale – tvert om ser vi at nynorsk, og dialekt, trivst i dei mest urbane og internasjonale sjangrar, skriv mållaget i grunngjevinga.

Målprisen, 2021, til Runar Gudnason
Foto: Sunnmøre Mållag

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL