Hopp til innhold

Store planar for Stavset

Styreleiar i Hjørundfjord kulturvernelag, Synnøve Rekkedal Hill (bildet) seier dei har store planar for Stavset internatskule i Hjørundfjorden. Bygget er restaurert for rundt to millionar kroner, og planen er mellom anna at dette skal inn i den kulturelle skulesekken. I tillegg vil bygget kunne brukast til ulike tilstellingar, mellom anna ope hus der folk kan guidast rundt i det som er museumsdelen av bygget. Mykje av interiøret er intakt frå starten i 1915.

Synnøve Rekkedal Hill
Foto: Arne Flatin / NRK