Hopp til innhold

– Ingen hus råka av lukt

Eit område på fem kilometer ut frå Kvasnes i Sula er kartlagt for å undersøke lukt frå det planlagde miljøanlegget. Konklusjonen er at ingen hus vert råka. Det kjem fram i ein rapport frå Ålesund kommune. Norconsult har gjort spreiingsmodelleringar av lukt frå miljøanlegget. Resultatet av analysane frå området og fem kilometer utover viser at det ikkje er noko hus som kjem over grenseverdiane i rettleiar til Forureiningslova.

Kvasnes, Sula
Foto: Privat