Hopp til innhold

Ingen dato for fødeopning

Helse Møre og Romsdal har førebels ikkje sett nokon dato for når fødeavdelinga i Kristiansund kan gjenopnast. Det kom fram under styremøtet i dag.

– Situasjonen i fødselsomsorga er krevjande i heile fylket. Vi flyttar deler av ferieavviklinga frå sommaren til hausten. Og vi flyttar deler av bemanninga inn mot helgar, forklarte administrerande direktør Øyvind Bakke.

Han la til at det blir jobba mykje med rekruttering av tilsette til fødeavdelinga i Kristiansund.

– Vi ønskjer at bemanninga skal vere meir robust enn då vi måtte slå saman avdelingane i Molde og Kristiansund. Vi må byggje stein på stein. Men det er dessverre ikkje mogleg å gje nokon gjenopningsdato no, sa Bakke.

Fødeavdeling Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK