Hopp til innhold

Kuttar ikkje sjukeheimsplassar

Kommunestyret i Ålesund vedtok å ikkje legge ned sjukeheimsplassar. Kommunedirektøren forslo å legge ned 83 sjukeheimsplassar eller legge ned ein institusjon for spare pengar. Høgre, Frp, Ålesundslista, Pensjonistpartiet og Partiet de Kristne fekk knapt fleirtal (39-38) for sitt forslag. Dei vil i staden spare pengar på mellom anna administrasjonen, redusere vikarbruk og innføre stillingsstopp. Ålesund kommune står i fare for å hamne på Robeklista.