Hopp til innhold

Fire i drosjenæringa politimelde

Møre og Romsdal fylkeskommune politimelder to løyvehavarar og to drosjesjåførar som dei trur kan ha juksa med drosjekort for funksjonshemma. Etter at ein funksjonshemma mann i Ålesund betalte 7000 kroner for ein tur som kosta 500, har fylkeskommunen gått gjennom alle reisene dei siste to år. Dei har avdekt avvik på 4000 turar, som har manglande eller feil registrering. Det er ikkje mistanke om misbruk av drosjekort på desse turane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL