Hopp til innhold

40 fekk parkeringsbot i Sunndal

På grunn av parkering langs Viromdalsvegen har 40 fått parkeringsbøter og to bilar blitt taua ned til Ålvundeid skule. Det skal vere stor utfart til fjellet som er årsaka til parkeringstrengselen. Utrykkingskøyretøy og gardbrukarar kom seg ikkje fram på vegen. Det melder politiet på Twitter.