Hopp til innhold

X2 Festivalen startar i dag

I dag startar X2 Festivalen i Volda. Ekstremsportfestivalen, som i fjor måtte avlyse, har også i år måtte tilpasse seg koronarestriksjonane. Festivalsjef Mathias Vasbotn Remmereit seier det har vore utfordrande å konstant endre planar etter kvart som restriksjonane har endra seg. – Gjennom godt samarbeid og engasjerte frivillige har vi gjort stadige endringar for å oppnå best mogleg resultat for festivalen. Vi er difor svært stolte over det vi skal levere denne helga. Sunnmøre er ikledd strålande vêrforhold, noko festivalen ikkje er bortskjemd med, og vi skal nyte og yte det på best mogleg vis, seier festivalsjefen.

Festivalsjef for X2 Mathias Vasbotn Remmereit
Foto: Simon Sjøkvist