Hopp til innhold

Tar opp nullutsleppskrav

Ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad frå Senterpartiet skal møte politisk leiing i Klima- og miljødepartementet tysdag i neste veke med krav om at fjordarmen inn til Hellesylt ikkje får nullutsleppskrav. Verdsarvfjordane får nullutsleppskrav i 2026 og ein del av fjordarmen er med i verdsarvområdet. Det er planar om å bruke djupvasskaia i Hellesylt som mellomstasjon for cruiseturistane. Det er heilt avgjerande for turistnæringa i området at vi får det til, seier Tryggestad.