Hopp til innhold

Stor interesse for båtar

Mangel på materiale til produksjon av fritidsbåtar har blitt eit stort, internasjonalt problem både for produsentar og forhandlarar. Forhandlarar her i fylket fortel om store forseinkingar i leveransar av fritidsbåtar, og det er heller ikkje alle produsentane som klarer å levere bestilte båtar. Dette gjer til at bruktmarknaden for fritidsbåtar kokar, seier Steinar Gjøstøl hos Møre Båtservice i Kristiansund. – Eg har aldri vore borti ein så heit bruktmarknad som no. Alt vi får tak i blir selt i løpet av eitt par dagar, seier han.

Fritidsbåt i Ålesund
Foto: Johannes Bø / Privat