Hopp til innhold

Snøskred i Surnadal

Politiet har fått melding om at det har gått eit snøskred i bratt terreng frå fjellet Nordviksula søndag. Ifylgje politiet er det ikkje observert skispor inn eller ut av skredet, og ein trur difor ikkje skredet er utløyst av skiløparar. Det blir ikkje sett i gong aksjon.