Hopp til innhold

Straumbrot i Aure og Smøla

NEAS melder om ein feil i høgspentnettet som fører til eit straumbrot i området Torsetsundet – Årvågsfjorden – Skardsøya – Lesundet i Aure kommune. Det same gjeld kundar i området Sætran-Frostadheia i Smøla. Selskapet opplyser at dei har lokalisert feilen og jobbar med å rette den.