Hopp til innhold

Sve med topp skyting

Skyttaren Martine Sve skaut 1181 poeng i eit stemne i Rauma i helga i øvinga 50 meter heilmatch, med 40 skot både på kne, liggande og ståande. Dette er personleg rekord, og eit poeng betre enn verdsrekorden. Poengsummen vert ikkje ståande som verdsrekord, sidan stemnet ikkje er eit offisielt internasjonalt meisterskap. Juniorskyttaren deltek i ein konkurranse over 22 stemne, og er på topp før dei siste fem rundane.

Martine Sve
Foto: Frank SVe

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL