Hopp til innhold

Varslar store helsekutt i Ålesund

Ålesund kommune skal kutte drifta i helse- og omsorgstenester med 70 millionar kroner i år, i tillegg til dei 40 millionane drifta allereie er redusert med. Eit alternativ inneber å avvikle ei avdeling ved kvar av omsorgssentera i Haram, Hatlane, Spjelkavik og Skarbøvik. Det andre alternativet er avvikling av ein heil institusjon. Saka blir først behandla i helse- og velferdskomiteen og i kommunestyret i mars.