Hopp til innhold

Søker seg ferdig i område i dag

Det pågår fjerde dagen med søk etter ein sakna mann i Kristiansund i dag. Innsatsleiar Øyvind Kvalvaag i Politiet seier til tk.no at dei reknar med å søke seg ferdig i områda rundt Kristiansund stadion og Folkeparken i dag, så må dei vurdere vegen vidare. Mykje snø gjer søket krevjande, og frivillige frå Raudekrossen brukar søkestenger.