Hopp til innhold

Helse Midt diskuterer omfordeling

Styrerepresentant Liv Stette i Helse Midt-Noreg ønskjer at sjukehusa skal få tildelt inntekter der ein modell som viser kva behov befolkninga har for helsehjelp skal telje 75 prosent. Dei resterande 25 prosenta skal styrast av faktiske, historiske kostnader.

I tillegg ønskjer ho eit særtilskot til St. Olavs hospital, som kan endrast.

– Eit slikt særtilskot kan endrast og det gjev oss betre innsikt i om vi oppnår det vi vil med pengane vi løyver, sa Stette.

Administrasjonen i Helse Midt-Noreg har foreslått ei fast 50 - 50 prosent fordeling mellom behovsstyrt tildeling og tildeling etter historiske kostnader.

Stette fryktar at administrasjonen sitt forslag kan føre til at St. Olavs hospital får vanskar med å få ned kostnadsnivået, og at det ikkje blir god nok omfordeling av inntektene, særleg til Helse Møre og Romsdal.

Så langt har eit fleirtal i styret støtta administrasjonen sitt forslag.

Det er mogleg å følgje styremøtet her.

Styreleiar Tina Steinsvik Sund seier styret skal prøve å arbeide seg fram til eit vedtak som alle kan samle seg om.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL