Hopp til innhold

Utfordrande snøforhold

NVE melder om krevande snøskredforhold i heile landet, og at det er vanskeleg å vurdere kvar ein kan løyse ut skred. Sjølv om snøskredfaren er moderat kan det gå skred, og det er ein skummel situasjon med vedvarande svake lag. Rådet frå NVE er å unngå terreng som er brattare enn 30 grader.