Hopp til innhold

Bergar trafikkstasjon

Trafikkstasjonen i Ørsta får behalde tilbodet sitt slik det er i dag. Regjeringspartia har blitt samde med Frp om stoppe nedlegging av trafikkstasjonen. – Det er ei stor glede for meg som møter på Stortinget denne våren å få lov til å gå ut med ei slik gladsak for regionen vår, seier Anders Riise (H) i ei pressemelding. Avtalen inneber også at det heller ikkje vert endringar hos dei andre trafikkstasjonane i fylket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL