Hopp til innhold

Stikk UT! er årets regionbyggar

Stikk UT! er kåra til årets regionbyggar 2020. – Stikk Ut! har bidratt til å gjere innbyggarane i fylket kjende med, og stolte av sitt eige fylke, sa fylkesordførar Tove-Lise Torve under utdelinga på Nyttårskonferansen. – Det er eit tilbod for alle i Møre og Romsdal, uavhengig av geografi, alder og sosiale forhold. Med nesten ein million registrerte turar i 2020, er Stikk Ut! eit viktig folkehelsetiltak, seier Torve. Årets regionbyggar er ein ny pris frå i år.

Stikk UT! i 2019
Foto: Ann-Mari Ulset / Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal