Hopp til innhold

Forhandlar videre med Skanska

Helse Møre og Romsdal og Skanska held fram forhandlingane om kontrakten for bygginga av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Fristen for forhandlingane er sett til 10. januar. Parallelt med dette blir det lagt ein alternativ strategi i fall forhandlingane med Skanska skulle strande.

Ifølgje administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal var det Skanska som bad om meir tid.

–Entreprenørselskapet har eit ønskje om å kome i mål med kontrakten, sa Bakke under styremøtet i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL