Hopp til innhold

Vil starte med PET-skanning i 2021

Sjukehuset i Ålesund kan vere klar til å ta imot dei første kreftpasientane til undersøking i den nye PET-scanneren mot slutten av 2021. Det kjem fram av forslaget til budsjett for neste år. PET-scanneren er eit avansert utstyr som først og fremst blir brukt til å stille diagnosar på kreftpasientar. Ei foreining har fått privatpersonar og firma til å gje 36 millionar kroner til innkjøp av denne scanneren. Første kvartal 2021 går med til planlegging. I andre kvartal skal det skrivast avtalar og utstyr skal bestillast. I tredje kvartal skal lokala stå klare, og personellet skal ha opplæring. Og i fjerde kvartal skal avdelinga godkjennast og vere klar til å ta imot pasientar. Det skriv helseføretaket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL