Hopp til innhold

Innfører tiltak etter smitteauke

Ørsta kommune innfører tiltak etter smitteauken i Ørsta og Volda. Sjukeheimane i kommunen blei stengt for besøk frå laurdag 28. november. Dei oppfordrar også folk om å sterkt redusere besøk til eldre i bufellesskapa i kommunen. Dersom folk kjem på besøk til bufellesskapa vil dei få munnbind som dei må bruke. I tillegg må dei som jobbar med pasientnært arbeid med eldre bruke munnbind på jobb.