Hopp til innhold

Oversåg kreftsvulst

Helsetilsynet granskar saka etter at ein tilsett ved eit sjukehus i fylket oversåg ein kreftsvulst då han undersøkte ei kvinne. Svulsten blei oppdaga då ho seinare kom til undersøking ved eit anna sjukehus. Kvinna var henvist til røntgen for ei vond skulder, men på bilda viste det godt at ho hadde ein stor kreftsvulst i lunga. Dei pårørande klaga etter at kvinna døydde.