Hopp til innhold

Lovar å vere like synleg

Frp-politikar Frank Sve lovar at han kjem til å vere like synleg i Møre og Romsdal som han har vore som fylkespolitikar dersom han kjem inn på Stortinget. Laurdag blei Sylvi Listhaug og Frank Sve valt til Frp sine to fremste kandidatane til stortingsvalet i Møre og Romsdal neste år.

Sve seier at han ikkje kjem til å la seg dressere dersom han kjem inn på Stortinget, men vil vere ein tydeleg talsperson for Møre og Romsdal. Sylvi Listhaug seier det er eit stort privilegium å få toppe Frp sin liste til stortingsvalet i Møre og Romsdal neste år.

Frp nominasjon i Møre og Romsdal: Jan Steinar Engeli Johansen, Frank Sve, Sylvi Listhaug og Anne Marie Fiksdal.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL