Hopp til innhold

Skapte mest i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal hadde den høgaste samla verdiskapinga frå sjømatnæringa i fjor med 15 milliardar kroner. Det viser ein ny rapport frå Norce, Nofima og Menon economics. I fjor bikka sjømateksporten 100 milliardar kroner, og verdiskapinga i næringa er meir enn seksdobla dei siste 15 åra. Veksten blei driven av auka lakseproduksjon, høgare prisar og ei svekka norsk krone. Berre i Møre og Romsdal er 8700 personar sysselsette i fiskeri, oppdrett, fiskeindustri og spesialiserte leverandørar.

Olav Nautnes Villa Miljølaks
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL