Hopp til innhold

Kritisk til vegprioriteringar

Regionleiaren i Lastebileigarforbundet, Jan Ove Halsnøy, er kritisk til dei vegprioriteringane som er gjort på Vestlandet. – Den generelle vegstandarden på Vestlandet er ein katastrofe, seier Halsnøy. Han meiner det har vore eit alt for stor fokus på store og kostbare fjordkryssingsprosjekt går utover prioriteringa av andre vegar og behovet for vedlikehald.

Nestleiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Randi Frisvoll (KrF), vil ikkje sette fjordkryssingsprosjekt opp mot andre viktige vegsatsingar. Ho meiner at fjordkryssingsprosjekta er viktige.

Jan Ove Halsnøy
Foto: Trond Vestre / NRK