Hopp til innhold

Oljesøl i Kristiansund

Brannvesenet i Kristiansund har sjekka ei melding om oljesøl ved Fiskeribasen. Ein hydraulikkslange på ein lastebil skal ha sprokke. Det skal ha kome litt i sjøen, men dette har ifølge brannvesenet drive vekk med straumen. Oljesølet på land blir tatt hand om. Det melder 110-sentralen i Møre og Romsdal.