Hopp til innhold

Sett i gang redningsaksjon

Politiet har sett i verk ein redningsaksjon etter melding om at ein person skal ha falle i fjellet på Brekketindbreen i Ørsta. – Det er dårleg dekning i området, men ut ifrå det vi har fått fram, så skal personen vere bevisst, seier Thomas Holte i politiet. Det skal vere i alle fall to personar på tur i lag, og fallet skal ha skjedd like før toppen. Eit redningshelikopter er på veg til staden.