Steinsprang i Sula
Det har gått eit steinsprang 1-2 kilometer frå ferjekaia i Sulesund i Sula. Ifølgje politiet ligg det ein stor stein i veggrøfta mot fjellsida, i tillegg til eit tre som ligg delvis i vegbana. Politiet har ikkje fått meldingar om skade på bilar.