Hopp til innhold

Går for Barnekreftforeininga

Då årets OL i Tokyo blei utsett på grunn av koronapandemien, fekk Henrik Singsdal frå Kyrksæterøra ein ide. Han lagde sitt eige OL der han sette seg eit mål om å gå 200 kilometer i fjellet dei dagane som OL skulle ha blitt arrangert. Så langt har han gått 180 kilometer. For kvar kilometer han går ønskjer han å samle inn pengar til Barnekreftforeininga. I dag fekk han ei pengegåve frå Aure kommune med seg på vegen. – Eg synest det var ei viktig sak å støtte. Eg har sjølv sett kor mykje denne foreininga betyr både for dei som er sjuke og familien deira, seier ordførar Hanne Berit Brekken. Under søndagens utdeling fekk dei selskap av Sofie Wessel frå Aure som sjølv har blitt frisk etter å ha hatt leukemi. Både ho og boren, Magnus, synest det er flott at Henrik går for denne saka. – Vi har fått oppleve mykje kjekt gjennom Barnekreftforeininga, seier dei to. For Henrik Singsdal blei dagens møte ein ekstra motivasjon på innspurten av aksjonen som blir avslutta fredag. – Målet er 100.000 kroner og det skal eg nå. Det er eg ekstra sikker på no, seier han.

Hanne Berit Brekken, ordførar i Aure, Henrik Singsdal og
Foto: Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL