Hopp til innhold

– Prosjektet vil få ringverknadar

Det nye samarbeidet med Dongwon Industries vil kunne få betydning for heile regionen. Det trur Håkon André Berg, administrerande direktør i Salmon Evolution. Den koreanske sjømatbedrifta har investert 50 millionar kroner i selskapet som held på å bygge det som skal bli Europa sitt største oppdrettsanlegg på land i Hustadvika kommune. – Det å få med ein så stor partnar er med på å trygge prosjektet. Det fører til ringverknadar i form av arbeidsplassar for binæringar og underleverandørar som skal levere til oss. Dermed trur vi at det gir betydelege ringverknadar for kommunen og regionen, seier han.

Håkon Andrè Berg er ny administrerande direktør i Salmon Evolution i Molde.
Foto: Doxacom