Hopp til innhold

Håper å finne dødsårsak

Kvinna som blei funnen død på eit hotell i Ålesund fredag kveld, blir obdusert i morgon. Det opplyser politiet til NRK. Politiet meldte i helga at dei ikkje mistenkte at kvinna hadde blitt utsett for noko kriminelt. – Per no ser vi på saka som ei ulykke, men vi håper at obduksjonen kan gi oss dødsårsaka, seier Oscar Lilleås, etterforskingsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet i Ålesund etterforsker ved hotellet etter funn av død kvinne.
Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL