Hopp til innhold

Det blir festival likevel

Etter mykje fram og tilbake på grunn av koronasituasjonen, har styret i Stangvikfestivalen i Surnadal bestemt seg for å gjennomføre årets festival. Dei har skalert ned programmet og tilpasse seg smittevernreglane. Festivalen går av stabelen fredag 31 juli og laurdag 1 august. Jon Balke, ein av Europas fremste jazzpianistar, skal ha solokonsert og det blir kyrkjekonsertar og kunstnar Edith Lundebrekke skal ha kunstutstilling.