Hopp til innhold

Fryktar konsekvensane

Plassering av giftig avfall på Raudsand er blant sakene som kommunestyret i Molde skal behandle i dag. Ordførar og Høgrepolitikar Torgeir Dahl legg vekt på at dette ikkje er den store saka om eit nasjonalt avfallsdeponi, men at det handlar om plassering av ei mindre mengde forureina masse frå den gamle bedrifta Aluscan på Sunndalsøra. Eit nytt deponi trengst, då dagens deponi på Langøya i Oslofjorden snart er fullt. Raudsand er eitt av alternativa, men det har vore sterk motstand mot å plassere det nasjonale deponiet der. Bjørn Jacobsen frå SV (bildet) fryktar at dersom kommunestyret seier ja i dag så er det eit skritt på vegen mot eit slikt deponi. – Får dei lov til dette så er det starten og finansieringa av eit nasjonal anlegg for farleg avfall, seier Jacobsen.

Bjørn Jacobsen SV
Foto: Gunnar Sandvik / NRK