Hopp til innhold

Krev stans på Haramsøya

Eit samrøystes fylkesting krev at vindkraftutbygginga på Haramsøya blir stansa til det er gjort nye støymålingar og i påvente av at saka har vore behandla i rettsapparatet. Etter ein lang debatt i går blei fylkespolitikarane samde om ein felles uttale. Fylkesordføraren har bede om eit møte med olje- og energiministeren der og ordføraren i Ålesund og Høgre sin gruppeleiar i fylkestinget skal vere med.

Birgit Oline Kjerstad, Eva Vinje Aurdal og Tove-Lise Torve på folkemøte på Haramsøya
Foto: Frode Berg