Hopp til innhold

Redusert med ein halv milliard

Helse Møre og Romsdal har klart å redusere utgifter til det nye sjukehuset på Hjelset med over ein halv milliard kroner. Det nye sjukehuset er no sett til å koste 4,7 milliardar. – Vi har eit klart mål om å kunne redusere kostnadane ytterlegare fram til byggestart, seier leiar for prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan.

Skisse SNR
Illustrasjon: Helse Møre og Romsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL