Hopp til innhold

Fryktar ei skeivfordeling

Medlem i styringsgruppa for omstilling av rehabiliteringstenesta, Geir Nielsen i Aure, meiner grunnlaget for å avgjere framtida til denne tenesta er for dårleg. Styringsgruppa går inn for at kommunane skal etablere fagleg sterke rehabiliteringstilbod som både kan bli samordna og delvis lokaliseraste ved sentra i Aure og på Mork. Nielsen meiner at det framleis heng ein trussel om nedlegging av Aure rehabiliteringssenter med forslaget som så langt har fleirtal. Han fryktar ei skeivfordeling av tilbodet. – Det er eit lågare tilbod til folk på Nordmøre, enn på Sunnmøre. Det bør vere rom for både Aure og Mork. Om helseføretaket skal gjere endringar i talet på senger, bør dei heller redusere talet på pasientar som blir sende på døgnrehabilitering utanfor fylket, seier Nielsen. Administrerande direktør, Øyvind Bakke, skriv i si tilråding at fleirtalsforslaget er i samsvar med helseføretaket sitt behov for omstruktureringar i rehabiliteringsfeltet.

Aure rehabiliteringssenter
Foto: Terje Reite