Hopp til innhold

Samde om reversering av ferjepriser

Dei to takstsonane på ferjene som politikarane auka ifjor, blir reversert ut 2020. Det gjekk fylkesutvalet i Møre og Romsdal samrøystes inn for i førmiddag. Politikarane var og samde i å bruke 25 millionar kroner til å rassikre Ågothammaren mellom Eresfjord og Eikesdal. Eit forslag frå Frp om å reversere vedtatte kutt i skuletilbod, kollektivtransport og tannklinikkar fekk berre Frp sine røyster. Møre og Romsdal sin del av dei statlege påplusningane til miljøferjer, blir lagt inn. Førebels er desse berekna til 30 millionar kroner.

Billetør på ferga mellom Sykkylven og Magerholm
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL