Hopp til innhold

Nordøyvegen får 60,5 mill. årleg

Nordøyvegen blir omfatta av ferjeavløysingsordninga. Det seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Det betyr at Møre og Romsdal vil få pengar frå staten fordi ferjesambanda vert lagt ned når prosjektet opnar. – Dersom alt går etter planen, opnar vegen i 2022. Det betyr at prosjektet får 60,5 millionar kroner i året frå staten frå 2023. Desse pengane skal gå til fylkeskommunen for å delfinansiere prosjektet. Dette styrkjer distrikts-Noreg, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup. Fylkesordførar Tove-Lise Torve seier at dei ville blitt svært overraska dersom regjeringa endra på ordninga med ferjeavløysingsmiddel no. – Vi forventar også at regjeringa ikkje endrar finansieringa for hurtigbåttilbodet, slik at fylkeskommunen også får behalde tilskotet til hurtigbåtsambandet etter at vegen er ferdig og båtruta lagt ned, seier ho.

Lepsøybrua under bygging.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto